Hei.
Ja eg har erfaring med dette

Første hunden min, Teo ein tervueren, fekk slag i alder nesten 14 år. Han var på luftetur åleine ute her på garden, og kom ikkje tilbake som han pleidde. Eg ropte, men han kom ikkje. Eg såg i sporsnøen at han hadde rusla nedover til ein dam for å drikke, og der stod han. Han såg heilt skeiv ut, klarde ikkje gå, men støtta seg til ei rot. Eg bar, støtta/skubba han oppatt, ringde dyrlege og trudde at tida var ute. Teo låg inne på plassen sin, med hovudet på skeive, litt vridd, men med blikk klart og ivrig mot meg, og ytterste haletuppen logra. Det var grusomt! Eg forstod kva det var, men ville ikkje vite.
Veterinæren kom hit (sidan eg har så mange dyr, er eg innanfor veterinærdistrikt, og han hadde tur forbi meg, og ville kome innom).
Eg trudde Teo var ferdig, og var prega av det.
Veterinæren såg hunden og kommenterte det gode blikket og logringen, og meinte vi skulle forsøke med medisin. Trur det er omtrent det same som folk får.
Veterinæren sa at vi skulle gje Teo 3 dagar, og vurdere då.
Vi hadde 3 merkelege dagar, gode for at vi hadde håpet men var litt vemodig å følje hunden på lufteturar. Teo betydde svært mykje for meg, så eg var veldig trist òg. Men han kom seg igjen. Etter ei veke var han "seg sjølv". Det var utruleg godt å få litt meir tid saman med han. Vi visste at tida rann ut, fekk førebu oss, men var utruleg glad for det ekstra halve året han var med oss. Det var heilt andre årsaker til at vi avslutta livet hans då han var 14,5.
Dette var vel eit litt merkeleg svar, men slik eg tenker det må allmenntilstanden og helsa elles vurderast.
Lukke til og god betring
